Våre tenester

Ellingsen Regnskapsservice tilbyr tenester innan rekneskap, lønn og rådgjeving. Selskapet har lang erfaring, og tek på seg oppdrag for næringsdrivande innan alle bransjar og selskapsformer.

Rekneskap

Vi fører ditt rekneskap, enten du er eit aksjeselskap, enkeltmannsføretak, sameige, idrettslag eller ei foreining. Vi tilbyr løpande bokføring av utgifter og inntekter, alminneleg omsetningsoppgåve, årsoppgåver, likningsoppgåver og sjølvmeldingar.

Hos oss får du jamleg rapportering med direkte tilbakemeldingar på regnskap og resultat. Vi kan òg hjelpa deg med å betala rekningar via nettbank.

Lønn

Vi har eit effektivt lønnssystem og kan ta oss av alt som har med lønn å gjere - så slepp du. Vi sørger for at alle tilsette får lønn, og sender ut lønsslipp elektronisk eller per post. Vi ordnar med feriepengar, offentleg tenestepensjon, arbeidsgivaravgift og forskotstrekk. I tillegg tar vi oss av innrapportering til Altinn.

Fakturering

Om du ønskjer, tar vi oss av fakturering både elektronisk og via post. Vi tar gjerne ansvaret for å følgje opp kundar og purre på ubetalte faktura.

Rådgjeving

Vi tilbyr konsultasjon ved ulike økonomiske problemstillingar, enten du treng hjelp til rekneskap eller andre økonomiske situasjonar. Dette kan vere likningsoppgåver med tanke på skatt eller liknande. Vi gir økonomisk rettleiing både til deg som er nyetablert eller gründer, ved fusjonar, generasjonsskifte og forretningsførsel, eller for deg som er vel etablert og treng råd for vidare drift.

Rapportering

Vi tilbyr løpande rapportering med direkte tilbakemeldingar på rekneskap og resultat. Vi sørger at tidsfristar og offentlege rapporteringskrav vert haldne, som meirverdiavgift, skatt- og arbeidsgivaravgift. Ser vi at den økonomiske drifta kan forbetrast, gjer vi enkle konsultasjonar.

Vi ønsker å gi deg tryggleik. Med lang erfaring og god kunnskap er vi skikka til å gje deg nettopp det. Som din samarbeidspartnar tar vi alltid ein ekstra kvalitetssjekk!